Ventar auka smitte: No forskar dei på den «kjøttetande» bakterien
I 2025 blei det registrert rekordmange infeksjonar av dei «kjøttetande» bakteriane vibrio og shewanella.
Hetebølga sørgde for at temperaturen i sjøen låg på langt over 20 grader fleire stader i landet. Då trivst vassbakteriane godt.
No rullar ei ny varmebølge inn over Sør-Noreg. Med temperaturar opp mot 30 grader sør i landet, aukar badetemperaturen og risikoen for vassbakteriane.
Per 9. juli er det hittil i år registrert 38 smittetilfelle av vibrio og shewanella.
– Global oppvarming i områda våre fører til auka temperaturar og meir nedbør og avrenning frå land. Det gir varmare, ferskare og næringsrikt kystvatn, noko bakteriane liker godt, forklarer forskingssjef Cecilie Smith Svanevik ved Havforskingsinstituttet (HI).
Ho leier eit forskingsprosjekt som ser på førekomsten av vibrio langs norskekysten.
– Ønskt meir kunnskap
Bakteriane blir kalla kjøttetande fordi dei i alvorlege tilfelle kan forårsake blodforgifting og infeksjon som drep vevet rundt sår.
Shewanella blir rekna som mildare. Hos sårbare grupper kan vibrio vere livsfarleg.
Smitte skjer normalt om ein badar i varm sjø med opne sår, ferske tatoveringar, eller kuttar seg på skjel i havet. Bakterien lever ikkje i ferskt vatn.
Bakterien trivst i varmare strøk og har tradisjonelt ikkje vore eit problem i Noreg.
Det endra seg under rekordsommaren 2018. Då fekk vi det første store vibrioutbrotet. Året etter blei smitten gjord meldepliktig.
FNs klimapanel åtvarar om at global oppvarming truleg vil føre til hyppigare vibrioutbrot på stader dei sjeldan er sett før.
– Vi har i mange år ønskt å få meir kunnskap om vibrio i Noreg. Det finst nokre få studiar, og den største kartlegginga blei sist gjord i 2004, seier Svanevik.
I 18 månader skal dei no ta prøver av sjøvatn og skil for å kartlegge førekomsten og oppblomstringa av vibriobakteriar langs norskekysten.
Cecilie Svanevik
- Forskningssjef i faggruppen Sjømat og ernæring
- Leder forskningsprosjektet "VibrioWave"
Oftast ufarleg – kan gi alvorleg sjukdom
Vibriobakterien er ein naturleg del av havlivet. Av over 150 artar er dei færraste farlege for menneske, forklarer Svanevik.
Dei må ha spesifikke eigenskapar, som evna til å produsere giftstoff, for å gjere oss sjuke.
– Derfor er det vanskeleg å overvake bakterien på ein formålstenleg måte. Vi veit nemleg ikkje om auka førekomst nødvendigvis betyr auka risiko for infeksjon.
Forskarane vil kartlegge kor dei skadelege artane er.
– Då kan vi kanskje få laga eit varslingssystem der vi bruker fjernmålingsdata og havmodellar til å føresjå utbrot i framtida.
I 2016 måtte ei 77 år gammal kvinne amputere beinet etter å truleg ha fått vibrioinfeksjon i eit kutt under bading i Oslofjorden.
Folkehelseinstituttet (FHI) understrekar at smitte framleis er uvanleg i Noreg, og at dei fleste infeksjonstilfella er milde. Bakteriane blir ikkje rekna som ein folkehelsetrussel i dag.
– Samtidig kan bakteriane i sjeldne tilfelle gi alvorleg sjukdom, særleg hos personar som badar med opne sår eller som har nedsett immunsystem, seier Umaer Naseer, seksjonsleiar for Epidemietterretning ved FHI.
Desse bør unngå bading med utildekte sår i varmt sjøvatn.
Stuper uti uansett
– Vi mistar ikkje nattesøvnen over det her, akkurat, seier Eskil Kornelius Sjøstrøm.
NRK møter han og kompisen Tore Flesjå på den populære badeplassen Sørenga i Oslo. Dei har høyrt om «den kjøttetande bakterien», men har begge lite kjennskapar til vibrioen sin residens i det norske havet.
Å lære om det nå, stoppar dei likevel ikkje frå å stupe uti Oslofjorden.
– Altså eg har høyrt om at det finst i utlandet, men eg veit ikkje om det blir same greia, seier Sjøstrøm og snur seg mot kompisen.
– Jo, eg trur det. Eg har høyrt om det før, men eg tenker eigentleg lite på det. Det er vel trygt for oss uansett, svarar Flesjå.
Dei er eigentleg langt meir urolege for helsetilstanden til økosystemet enn for deira eigen.
– Tilstanden i havet er verre enn nokon gong. Vi kan jo bade uansett kvalitet, men havlivet overlever ikkje nødvendigvis dei høge temperaturane og forureininga, seier Sjøstrøm.
How it works
Once you click Generate, Ollama reads this article and crafts 5 comprehension questions. Your answers are graded against the article content — general knowledge won't be enough. Score 70+ to count toward your certificate.
Questions are cached — you'll always get the same 5 for this article.