general631 wordsRead on Arc Codex

Fifa vil selje eigardelar i VM gjennom nytt selskap:

Ifølgje Financial Times og The Times jobbar det internasjonale fotballforbundet med å selje delar av fotball-VM til private investorar. Planen går ut på å selje 20 prosent av eit nytt kommersielt selskap verdsett til rundt 20 milliardar dollar, noko som tilsvarar 194 milliardar kroner. Avisa får opplyst at pengane som kjem frå eigardelane vil gjere det mogleg for Fifa å fordele meir til dei nasjonale medlemsforbunda. NRKs sportskommentator reagerer på opplysningane: – Det er slutten på fotballen slik me kjenner han. Det er slutten på Fifa. Fifa er i utgangspunktet eit sekretariat for medlemslanda, seier Jan Petter Saltvedt og held fram: – Her går dei frå å skulle vere ein organisasjon som skal ta vare på det beste for fotballen, til å vere ein rein kommersiell aktør. Og slik kan ein ikkje halde på lenger. Tysdag ettermiddag sende Fifa ut ei pressemelding der det står at «Fifa har hensikt å utvide finansieringa av fotballutvikling til over 10 milliardar dollar.» Dei skriv at det føreset godkjenning frå medlemsforbunda. Og at dersom det blir godkjent, «vil fotballutvikling i alle hjørne av verda straks dra nytte av økt finansiering tilgjengeleg for alle dei 211 medlemsforbunda i Fifa.» – Dette er superligaen i eit nytt format. Her er fotballen ope og ærleg berre til for å tente pengar. Da må me minne oss sjølve på kva dette dreier seg om, og det er ikkje det. Det er å nyte den mest populære sporten i verda, ikkje å skulle utnytte alle moglegheiter til å tene pengar, seier Saltvedt. Tidoblar løn Ifølgje The Times skal Fifa-presidenten få ei rolle som «kommisjonær» eller administrerande direktør i det nye selskapet når den siste presidentperioden hans går ut i 2031. Løna for stillinga er ikkje stadfesta, men ifølgje avisa skal det vere på nivå med NFL, der kommisjonær Roger Goodell tener rundt 64 millionar dollar i året. Det er ti gonger så mykje som det Infantino tente i løn og bonusar det siste året. Som svar på idéen uttalte Fifa: – Dette har aldri blitt diskutert. Fifa-presidenten og administrasjonen vil og må likevel ha leiande roller i denne eininga – dersom ho blir godkjend – for alltid å ha kontroll over eitkvart Fifa-dotterselskap i samsvar med statuttane og regelverket til Fifa, til beste for medlemsforbunda. – Fifa-presidenten og administrasjonen har ei plikt til å styre utviklinga av dette prosjektet, der eksterne investorar berre vil ha ein minoritetsandel – og ikkje i FIFA, men i eit dotterselskap av Fifa. For Fifa endrar ingenting seg, seier Fifa ifølgje The Times. Ifølgje The Times har Donald Trump-administrasjonen blitt konsulterte om planen. Fifa stadfesta til avisa at Thrive Capital, som høyrer til Joshua Kushner, er venta å leie den føreslåtte investorgruppa, og at J.P. Morgan er den finansielle rådgjevaren til Fifa i prosjektet. Kushner (41) er den yngre broren til svigersonen til Trump, Jared Kushner, som Fifa seier ikkje er ein investor. Fifa bekreftar samarbeidet med storbanken J.P. Morgan i pressemeldinga. Reagerer Det europeiske fotballforbundet (Uefa) reagerer på opplysningane. – Dette kryssar ei grense som dei styrande organa i fotballen aldri bør gå over, og Uefa tek det ekstremt alvorleg. Det bør alle nasjonale fotballforbund også gjere, og alle andre involverte i fotballen: Ligaer, klubbar, spelarar, supporterar, nasjonale myndigheiter og alle som bryr seg om fotballen, skriv Uefa i ei uttale tysdag. – Sjela og leiinga til fotballen kan ikkje omsettast, spesielt med null transparens i spørsmålet om kven som tener på det. Ingen av oss eig fotballen, og Fifa har ikkje rett til å selje han. Målet med grepet skal vere å auke inntektene til Fifa ytterlegare etter VM-suksessen i år. Det utvida meisterskapet med 48 lag blei arrangert i USA, Canada og Mexico. Turneringa har bidratt til å auke inntektene til Fifa frå 7,6 milliardar til 13 milliardar dollar frå førre fireårsperiode.

How it works

Once you click Generate, Ollama reads this article and crafts 5 comprehension questions. Your answers are graded against the article content — general knowledge won't be enough. Score 70+ to count toward your certificate.

Questions are cached — you'll always get the same 5 for this article.