general531 wordsRead on Arc Codex

Ellen bur rett ved spreningsfeltet for VM:

For å bli klar til alpin-VM i 2029 er det sett i gang eit enormt utbyggingsprosjekt til over 700 millionar kroner i Narvikfjellet. Men tidspresset er intenst. Nylig vart det kjent at Narvik ikkje får arrangere verdscuprenn neste sesong fordi anlegget ganske enkelt ikkje vert ferdig i tide. Hastearbeidet i fjellet vert følgt nøye med på, og nyleg hadde VM-arrangørane besøk av Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (FIS). Samstundes merkar naboane i den vesle blindgata tett på skibakken konsekvensane av det hektiske arbeidet. Sidan starten i 2025 har tungt maskineri, djupe grøfter og boring frå klokka sju om morgonen til sju om kvelden vore kvardagen. Ellen Marie Langås flytta nyleg inn i området og beskriv støyen som ei stor belastning. I tillegg meiner ho varslinga i forkant av sprengingane har vore mangelfull. Mobiltelefonen kikkar ho sjeldan på. Bilete ramlar av veggene Avisa Fremover har tidlegare omtala saka. – Heile blokka ristar. Difor har me fått beskjed om å ta ned bileta av veggane og ta vare på glastøy. Me får heller ikkje lov å sette bilane i nærleiken av anleggsområdet, fortel ho til NRK. – Eg er veldig glad i vinteridrett, men i mine augo øydelegg dei Narvikfjellet, seier Langås. Når det blir arrangert skirenn i bakken vil ho også trekke bort frå Narvik. – Det blir for mykje leven for meg. Eg planlegg å reise bort på vinterstid når dei har skirenn her, fortel Langås. Mykje bråk – men verdt det Naboane opplever situasjonen ulikt. Eva Ottesen, som bur på andre sida av den vesle blindgata, vedgår at det ristar i huset, men er likevel positiv. – Akkurat no er det litt utfordrande å bu her, men det er eit positivt prosjekt for Narvik og regionen. Eg gler meg til dei er ferdige, seier Ottesen. – Min livsfase er ikkje så komplisert, men det er klart, for dei som har små ungar skjønnar eg det kan vere utfordrande, legg ho til. Lover å vere ferdig i desember Det omfattande prosjektet inkluderer fire nye heisar, nytt snøanlegg, belysning og eit heilt nytt målområde nært på bustadane. Ragnar Norum, dagleg leiar i utbyggarselskapet Narvikfjellet Allmenn AS, forstår at naboane er leie, men lover at den verste støyen snart er over. – Me har stor forståing for at dette påverkar naboane. Men me reknar med å vere ferdige med gondolbana og målområdet i desember. Då skal den støyande delen i nærleiken av busetnaden vere over, seier Norum. Han seier dei har gitt beskjed til bebuarane både på informasjonsmøte, nett og SMS. Og varslar før kvar salve blir fyrt av. VM-sjefen: – Beklagar støy VM-sjef Knut-Eirik Dybdal legg ikkje skjul på at omfanget og tidspresset har vore enormt, noko som òg førte til at FIS nyleg var på inspeksjon. – For det fyrste må eg seie at det er veldig beklageleg at dei som bur i nærleiken blir utsett for bråk. For å vere heilt ærleg hadde eg ikkje sett for meg omfanget sjølv, seier Dybdal. Han håpar likevel naboane kan halde ut dei siste hektiske månadene. – Arbeidsperioden er veldig komprimert, og det som gjenstår neste år blir minimalt. Til slutt trur og håpar eg dette blir veldig bra for alle, seier VM-sjefen.

How it works

Once you click Generate, Ollama reads this article and crafts 5 comprehension questions. Your answers are graded against the article content — general knowledge won't be enough. Score 70+ to count toward your certificate.

Questions are cached — you'll always get the same 5 for this article.